Denne læreboka støttar arbeidet til eleven med kjerneelementet «førebygging av helseskadar og ulykker». Forfattarane er opptekne av at eleven gjennom opplæringa oppdagar at eit godt arbeidsmiljø krev noko av oss alle ‒ at det å prestere, trivast og utvikle seg i arbeidslivet er avhengig av eit godt arbeidsmiljø. Bygg- og anleggsnæringa er ein risikoutsett bransje, og eit godt arbeidsmiljø krev at vi er årvakne og har den rette kunnskapen.
Innhaldet i læreboka er organisert i tre delar: I del 1, «Arbeidsmiljø», skildrar vi aktuelle rammevilkår for den norske arbeidslivsmodellen, organisering av bedrifter og arbeidsplassar og roller som verkar inn på helse, miljø og sikkerheit. I del 2, «Dokumentasjon», viser vi både lovpålagde krav til dokumentasjon, behovet for eigen dokumentasjon i bedriftene og korleis ein kan systematisere dette arbeidet. Del 3, HMS-handbok for elevar, inneheld skildringar av dei temaa som bedriftene legg vekt på ved inntak av nye medarbeidarar. Alle tema i læreboka blir avslutta med repetisjonsspørsmål og praktiske arbeidsoppgåver.
Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk:
Praktisk yrkesutøving
Praktisk yrkesutøving – del 2, særløpsfaga
Arbeidsmiljø og dokumentasjon
Teikningsforståing og 3D-modellering
nettressursen for bygg- og anleggsteknikk
Read more
Product details
ISBN
9788211038005
Published
2021-02-09
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Weight
188 gr
Height
260 mm
Width
206 mm
Thickness
4 mm
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
60
Original title
Arbeidsmiljø og dokumentasjon
Genre
Skolebøker