Lang samtale med forskar Cecilie Hellestveit, som snakkar om krigen og flyktningkatastrofen i Midtausten - ført i pennen av Ylve Gudheim. Temaartiklar om framtidsskulen av Arne Krokan, Kari Hauge og Siv Måseidvåg Gamlem. Og dikt og foto om lærarkvardagen - sett gjennom linsa til Aleksander Andersen og frå skrivebordet til diktarane Frode Grytten, Einar Økland og Bergljot K. Nordal. Marit H. Lajord har intervjua Sigrid Stokstad om kvifor omgrepet «kommunalt sjølvstyre» ikkje er å finne i Grunnlova. Sindre Andersen skriv om korleis det er å vere ein sjølvsnakkar - ein som snakkar med seg sjølv, medan Kristine Erstad Vegard skriv om TTIP - ein ny handelsavtale mellom USA og Europa som no er på trappene. Folkemordet i Armenia er eit sår som aldri gror, skriv Lene Wetteland. Mads Langnes har fatta interesse for ein heilt spesiell del av den norske bygningshistoria - katteopninga i løedørene. Tilrådinga denne gongen er vaskemaskina Turnamat, ein 1976-modell frå AEG.
Read more

Product details

ISBN
9788252187991
Published
2015
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Genre
Faglitteratur