Fuglane (1957) er nok meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan romanperson er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust. Hjelpelaus i kvardagsliv og arbeidsliv er Mattis, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndomar for Mattis. Han kan tyde fuglespråk. Han kan lese dei breva som rugda skriv til han med nebb og føter. Og han kan formulere dei djupaste livsspørsmål: Kvifor er det slik det er? spør han den venlege gardkona som byr på kaffi når arbeidet endå ein gong har gått i stå for han. Ingen kan gje svar, men diktaren fortel på ein slik måte at også vi lesarane må ta Mattis inn i vår omsorg, samstundes som vi forstår systera Hege og alle dei som gjerne vil hjelpe Mattis, men ikkje kan nå heilt inn til han. Fuglane er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert av den polske regissøren Witold Leszczynski. I 1997 sette Det Norske Teatret opp ei dramatisering av romanen, ei eineståande framsyning som vart vide kjend.
Les mer
Mattis og systera Hege har budd saman i mange år i ei lita stove attmed sjøen. Så finn Mattis ut at han vil gjere nytte for seg som ferjemann. Langt om lenge får han sin første passasjer, ein tømmerhoggar som slår seg til i huset deira. No er ikkje Mattis åleine om kjerleiken til systera.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205367074
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
146 gr
Høyde
186 mm
Bredde
118 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
222

Forfatter