Dette er det andre bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv: å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over garden Aniksdal, som eit døme på ei 6000 år lang utvikling. Deretter fylgjer forteljinga om framveksten av Hå-samfunnet frå 1000-talet til om lag 1814 - om håbuen, jorda og maktene, om konge og kyrkje, odelsbonde og leiglending, om fiske og jordbruk, og kva som batt samfunnet saman, bygdestyre og statsmakt - og om pest og sjukdom. Deretter kjem kapittel om stadnamn og personnamn. Bandet sluttar med eit oversyn fram til om lag 1870 - om kampen mot djevel og det fordervelege og om den nye tida for jordbruket.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788232102297
Publisert
2013-09-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Akademika
Vekt
1700 gr
Høyde
276 mm
Bredde
218 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
453