Framstillinga gjer greie for vilkåra for og rettsverknadene av hevd, slik desse følgjer av lov om hevd av 9. desember 1966 nr. 1. Innleiingsvis blir det gjort greie for dei rettspolitiske omsyna bak reglane og tilhøvet til overordna normer som Grunnlova § 105 og EMK første tilleggsprotokoll artikkel 1 om vernet av eigedomsretten. Ut frå det praktiske føremålet med framstillinga er det teke med eit kapittel om tilhøvet til andre liknande reglar og eit kapittel om prosessuelle spørsmål knytt til hevd. Hevd av rettsvern er ikkje regulert i hevdslova, men er teke med for samanhengens skuld. Læra om tålt bruk (precario) blir også handsama, sjølv om det er uklart om hevdslova fullt ut gjev det rettslege grunnlaget for læra. Boka er utstyrt med omfattande register over litteratur, lover, rettspraksis og stikkord, og er meint å vera à jour pr. 1. januar 2005.
Les mer
Boka gjer greie for vilkåra for og rettsverknadane av hevd, mothevd og frihevd. Det blir gjort greie for dei rettspolitiske omsyna bak reglane og tilhøvet til overordna normer i Grunnlova § 105 og EMK første rettsprotokoll artikkel I om vernet av eigedomsretten. Det er og teke med eit kapittel om prosessuelle spørsmål knytt til hevd. Med register. A jour pr. 1. januar 2005.
Les mer
«Boken gir et solid inntrykk og fremstår som gjennomarbeidet, både når det gjelder rettskildeundersøkelser og i fremstillingsform.»

Produktdetaljer

ISBN
9788202218270
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
797 gr
Høyde
210 mm
Bredde
148 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
549