Toppturar i Sogn er ein skiførar til 69 fjell i områda Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane. Sogn har dei siste åra blitt kjend som eit skiområde i verdsklasse for den som er i stand til å ta seg til topps for eiga maskin. Her finn du alt frå spektakulære tindar til botnlaus puddersnø. I Sogndalsdalen og Fjærland er snømengdene er store og stabile, og mange stader er det gode tilhøve for skogskjøring. Det er gode grunnar til at Sogndalsdalen er laussnøbikkjene sin favoritt. Hurrungane er det ikoniske fjellområdet lengst vest i Jotunheimen. Fjella er majestetiske og klassiske vårskiturer. Dei er tilgjengelege for dei fleste toppturentusiastar. Her finst også stupbratte renner og flankar som berre kan tilrådast for dei mest erfarne. Mellom desse to mest kjende områda finn vi Jostedalen Her er høge toppar, brear, bratte renner og herleg skogskøyring. Toppturar i Sogn er ein unik vegvisar til desse områda. Alle turane er detaljert skildra med ruteinnteikningar på flyfotografi.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293090175
Publisert
2013-11-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fri flyt
Vekt
647 gr
Høyde
219 mm
Bredde
151 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
335

Illustratør