For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar vart innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på? Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transeperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre, har nye flokar dukka opp. Negative haldningar i det norske samfunnet blir tona ned, medan homofiendslege trekk ved andre kulturar får mykje merksemd. Det er blitt ei kløft mellom «oss» (som er snille med homoane) og «dei» (som er slemme). Men den største kløfta er den som skil hetero frå ikkje-hetero. Kvifor eksisterer dette skiljet framleis? Kan det tenkjast at homotoleransen er ein del av problemet? Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har skrive fleire bøker om språk, som Norsk etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013) og Språket er ei bukse (2019). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018-08-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter