Kjartan Fløgstad har reist i tropane i over tre tiår. Like lenge har han drøymt om å skriva denne boka, som fortel dei små historiene om tropehotella, og den store historia om europeisk kolonisering og ekspansjon. I hundreåra etter dei store oppdagingane har tropane vore særleg hardt utnytta av det økonomiske verdssystemet. Men det er òg her vi finn den delen av kloden som ligg nærmast førestellingane om Paradis: I tropane flyt det av gull, sølv, sydfrukt og eksotisk krydder. Den dag i dag står dei gamle tropehotella igjen som arkitektoniske og kulturelle avtrykk frå møtet mellom global økonomi og lokale tradisjonar. Kjartan Fløgstad (f. 1944) er ein av Nordens framste forfattarar, med ein rik bokproduksjon bak seg.
Les mer
Forfattaren fortel dei små historiene om tropehotella, og den store historia om europeisk kolonisering og ekspansjon. Reisa følgjer sola: Ho byrjar i aust, på Filippinane, og snirklar seg vestover langs ekvator med opphald på vidgjetne Peace Hotel i Shanghai, Raffles i Singapore, Taj Mahal i Bombay, Mena House i Kairo, El Minzah i Tanger, Hotel Nacional i Havanna, Hotel Glória i Rio de Janeiro, til sirkelen er slutta og natta fell over Aggie Grey's Hotel på Samoa. Med litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215003740
Publisert
2003
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Vekt
840 gr
Høyde
210 mm
Bredde
215 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
258

Forfatter