I 1891 vart Eidfjord eige herad. Denne boka tek for seg historia om lokalsamfunnet innerst i Hardangerfjorden i tida vidare fram mot i dag. Forfattaren syner korleis bygdesamfunnet har vorte forma og endra. Historia til Eidfjord vert følgt gjennom arbeid, fritid og politikk, på Hardangervidda, langs fjorden og vegane i bygda. Boka er delt i fleire bolkar: Innleiinga trekkjer trådane tilbake til åra før 1891. Første del tek for seg det tidlege 1900-talet og dei vanskelege mellomkrigsåra. Andre del fortel om krigstida, og følgjer mellom anna prosessen med kommunesamanslåing og -fråskiljing i 1960- og 1970-åra. Denne delen skildrar òg vasskraftutbygginga mot slutten av perioden. Tredje del tek for seg slutten av 1970-åra og vidare framover, då Eidfjord utvikla seg til ein velstands- og velferdskommune. Knut Grove (f. 1964) er historikar og forskar ved Uni Rokkansenteret i Bergen. Han har særleg arbeidd med lokal- og regionalhistorie og arbeidslivshistorie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245010763
Publisert
2010-12-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
2330 gr
Høyde
285 mm
Bredde
240 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
477
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter