I 1891 vart Eidfjord eige herad. Denne boka tek for seg historia om lokalsamfunnet innerst i Hardangerfjorden i tida vidare fram mot i dag.
Forfattaren syner korleis bygdesamfunnet har vorte forma og endra. Historia til Eidfjord vert følgt gjennom arbeid, fritid og politikk, på Hardangervidda, langs fjorden og vegane i bygda. Boka er delt i fleire bolkar:
Innleiinga trekkjer trådane tilbake til åra før 1891. Første del tek for seg det tidlege 1900-talet og dei vanskelege mellomkrigsåra. Andre del fortel om krigstida, og følgjer mellom anna prosessen med kommunesamanslåing og -fråskiljing i 1960- og 1970-åra. Denne delen skildrar òg vasskraftutbygginga mot slutten av perioden. Tredje del tek for seg slutten av 1970-åra og vidare framover, då Eidfjord utvikla seg til ein velstands- og velferdskommune.
Knut Grove (f. 1964) er historikar og forskar ved Uni Rokkansenteret i Bergen. Han har særleg arbeidd med lokal- og regionalhistorie og arbeidslivshistorie.
Read more
Product details
ISBN
9788245010763
Published
2010-12-20
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Weight
2330 gr
Height
285 mm
Width
240 mm
Thickness
40 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
477
Genre
Faglitteratur
Author