Gina Krog (1847-1916) sa opp lærarjobben for å «ofra seg» for kvinnesaka 33 år gammal. Målet var full kvinnefrigjering. Det kravde økonomisk sjølvstende og stemmerett. Ho hadde oppskrifta klar: Ingenting gir meir fridom og sjølvstende enn kampen for fridom og sjølvstende. Arbeidet for frigjering vil setja oss i stand til å bruka den fridommen vi etterkvart får. Ho ønskte samarbeid mellom arbeidarkvinnene og dei såkalla borgarlege kvinne.organisasjonane, men det ville ikkje Arbeidarpartiet ha noko av. Ho var redaktør for det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg, Nylænde, i nesten tretti år, og sørga for at det levde vidare da styret i Kvinnesaksforeningen prøvde å leggja det ned. Ho stifta Norske kvinners nasjonalråd, som knytta norske kvinneorganisasjonar til den internasjonale kvinnerørsla. I lag med andre sterke kvinner var Gina Krog med på å forandra Noreg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788256027316
Publisert
2022
Utgave
1. utgave
Utgiver
Solum Bokvennen AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
333
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter