Grammatikarar er språkmekanikarar, og arbeid med grammatikk handlar om å forsøke å finne ut korleis språkmaskineriet fungerer, kva komponentar det har, og korleis dei verkar saman. Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Vi vil spørje korleis ein kan vekke interesse for innsikt i språkstruktur, og korleis ein kan leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål, slik at grammatikkundervisninga blir spennande. Kunnskap om norsk språkstruktur og omgrepsapparat omkring dette er grunnleggjande for mange område innanfor norskfaget, mellom anna lese- og skriveopplæring, norsk som andrespråk, talemål og nynorskdidaktikk. Denne boka inneheld både grammatikk og grammatikkdidaktikk. Det mest sentrale vil vere å gi ei grunnleggjande innføring i faget grammatikk. Her vil vi leggje vekt på innlæring av grammatisk terminologi og analysemåtar. I tillegg vil vi gjennom heile boka diskutere korleis ein kan nærme seg dette emnet saman med elevar, og også kvifor dette er eit viktig emne, både i seg sjølv og som byggestein for andre emne i norskfaget.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252194432
Publisert
2021-10-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
380 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
175

Forfatter