Endeleg snø. Ein kveld kom ei snøskur og gjorde det kvitt. Johannes fann fram ski og stavar før han la seg. Men om natta bles snøen bort. Plenen ved huset låg grøn som før. Det er ikkje lov med pluss sju om vinteren, meinte han. Men Johannes sette på seg skiene likevel og la i veg med tørrtrening. Opp bakken var det greitt nok, men å stå bom still i unnabakke var alt anna enn morosamt. Der skulle han suse utfor så tårene spruta i vinddraget. Slik opner bildeboka om vinterglede i eit snødekt landskap slik vi tenkjer at alle er vane med her i landet. Årstider preger landet og folket. Om vinteren ser vi fram til sommaren, og når sola brenn i bakken, ja, da hugser vi gleda med å gli over tørr kornsnø ved påskeleite. Teikningene er lette - kanskje har det med snøen å gjere. I tillegg er det lagt vekt på å dei visuelle elementa. Ein konsulent har lese boka for sine barnebarn, og dei forlangte at ho måtte lesast eni gang til. Det er godt å ha konsulentar frå målgruppa.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788290346879
Publisert
2015-11-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sollia Forlag
Vekt
300 gr
Høyde
205 mm
Bredde
215 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
45

Forfatter
Illustratør