Boka Førstehjelp er blitt til i samarbeid med organisasjonar og offentlege etatar som er tilknytta Norsk Førstehjelpsråd. Forfattarane har hatt god nytte av fagleg ekspertise frå Norsk Resuscitasjonsråd, Giftinformasjonssentralen og Norsk Førstehjelpsråds eige utval, som er breitt fagleg samansett. Boka er godkjent for bruk i den vidaregåande skulen, og den dekker også det som medlemsorganisasjonane i Norsk Førstehjelpsråd reknar som eit kvalifisert nivå. Boka Førstehjelp forklarer på ein enkel måte kva du skal sjå etter når du kjem til ein ulykkesstad, korleis pasienten kan oppleve ulykka, og kva du skal gjere. Kapitla startar med konkrete døme frå kvardagen, for refleksjon og ettertanke. Saman med instruktive fargeillustrasjonar vil kontrollspørsmål og øvingar gjere det lettare å forstå lærestoffet. I tillegg til boka er det laga ei lærarrettleiing som også inneheld ein CD med fargeillustrasjonar frå boka. Dermed kan instruktøren eller læraren lage eigne transparentar. Norsk Førstehjelpsråd består av:. Norges Røde Kors. Norsk Folkehjelp. Forsvarets Overkommando/Sanitetsstaben og Sanitetsregimentet. Direktoratet for sivil beredskap. Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Norsk Resuscitasjonsråd. Norges Livredningsselskap. Norges Svømmeforbund. Norske Kvinners Sanitetsforening. Norsk Sikkerhetsorganisasjon NSO. Norsk Lotteforbund. Nasjonalforeningen for folkehelsen. Den norske lægeforening Ei hovudoppgåve for Norsk Førstehjelpsråd er å arbeide for ei sams førstehjelpsopplæring i Noreg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788200452539
Publisert
2000
Utgave
5. utgave
Utgiver
Gyldendal Norsk Forlag AS
Vekt
300 gr
Høyde
170 mm
Bredde
240 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
152
Orginaltittel
Førstehjelp
Sjanger
Faglitteratur