Allmennprevensjonen er ein svært sentral premiss både med tanke på eksistensen og utforminga av det norske strafferettsinstituttet. Gjennom historia har likevel den allmennpreventive tenkinga vore utsett for kritikk. Kritikken refererer seg til det forhold at den allmennpreventivt-motiverte straffa reduserer den enkelte til eit middel som det blir gjort bruk av for at flest mogleg andre i framtida skal lyde lova. Mykje kan tale for at den legitimeringa av allmennprevensjonen som norsk strafferett er basert på, er problematisk. I dette arbeidet blir det derfor gjort forsøk på å skissere ei alternativ tilnærming til denne typen spørsmål, ein tilnærmingsmåte som òg delvis blir søkt operasjonalisert i høve til det allmennpreventive omsynet. Jørn RT Jacobsen er universitetslektor ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Les mer
Gjennom historia har den allmennpreventive tenkinga vore utsett for kritikk, og mykje kan tale for at den legitimeringa av allmennprevensjon som norsk strafferett er basert på, er problematisk. Forfattaren skisserar her ei alternativ tilnærming til denne typen spørsmål, ein tilnærmingsmåte som òg delvis blir søkt operasjonalisert i høve til det allmennpreventive omsynet. Boka byggjer på forfattarens særavhandling til den juridiske embetseksamen. Med litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245000801
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
273 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
207