NATURFAG 5-timarskursdekkjer læreplanen i naturfag for studieretningane allmennfag, musikk, dans og drama, naturbruk og idrettsfag. Læreverket høver også godt for sjølvstudium for elevar som ikkje følgjer ordinær undervisning. Læreverket femner om lærebok, studiehefte og ein ressursperm med bakgrunnsstoff og nyttige råd og tips til læraren. LÆREBOKAKvart kapittel byrjar med eit bilete som skal gi assosiasjonar til temaet, ein kort innleiande tekst og mål som konkretiserer den delen av læreplanen som kapittelet dekkjer. Med kvardagslege døme blir elevane leide gjennom mange naturfaglege emne. Viktig stoff er utheva i eigne boksar. Teksten er rikt illustrert med foto og teikningar. Til slutt i kvart kapittel er det eit samandrag og enkle oppgåver. Teksten har også tilvisingar til fordjupningsstoff i studieheftet. STUDIEHEFTETStudieheftet byrjar med utfyllande kommentarar til måla i læreboka. Her er det også framlegg til oppgåver og aktivitetar som hjelper elevane til å nå måla. I tillegg finst det enkle tilbakeblikksoppgåver der elevane kan teste kva dei hugsar om temaet frå ungdomsskulen. Oppgåvene spenner frå dei heilt enkle til meir krevjande samansette oppgåver. I studieheftet finst også eit rikt utval av både styrte og opne forsøk, og framlegg til prosjektoppgåver. Til kvart kapittel finst det fordjupningsstoff med tilhøyrande oppgåver. Eit eige kapittel handlar om eksamen og døme på eksamensoppgåver. RESSURSPERMRessurspermen har utfyllande bakgrunnsstoff og kommentarar til oppgåver og forsøk. Her er det også pedagogiske tips og framlegg til demonstrasjonsforsøk og andre aktivitetar. I tillegg er det fargetransparentar av sentrale figurar i læreboka, kopieringsoriginalar og utfyllingsoriginalar til fleire av forsøka i studieheftet. Det er eit eige kapittel om eksamen med framlegg til eksamensoppgåver og prøveoppgåver. Til kvart kapittel er det også laga eit oversyn over audiovisuelle hjelpemiddel, og tilvisingar til Internett. . FORFATTARANETor Brandt hadde hovudfag i kjemi, og faga botanikk, zoologi og fysikk. Han hadde brei undervisningspraksis og skreiv mange lærebøker i naturfag og kjemi. Han arbeidde på Senter for lærarutdanning og skuleteneste, Universitetet i Oslo. Tor Brandt døydde i 1991. Harald Brandt har hovudfag i realfagsdidaktikk. Han har undervisningspraksis både frå den vidaregåande skulen og høgskulesektoren, og han har arbeidd som prosjektleiar for fleire IKT-prosjekt hos Nasjonalt læremiddelsenter. Tore Fonstad har hovudfag i biologi, og faga kjemi og psykologi. Han har mellom anna arbeidd tre år som vitenskapleg assistent ved Universitetet i Trondheim. Han har 14 års undervisningspraksis i naturfag, biologi, kjemi og matematikk. Han har dessutan gitt ut ei felthandbok om planter og dyr i fjellet.
Les mer
Har oppgaver til målene i læreboken, tilbakeblikksoppgaver, styrte og åpne forsøk og forslag til prosjektoppgaver. Et eget kapittel omhandler eksamen og eksempler på eksamensoppgaver.

Produktdetaljer

ISBN
9788203324758
Publisert
2000
Utgave
4. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
640 gr
Høyde
186 mm
Bredde
260 mm
Dybde
15 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
248