Bendik er forfattar. Han skulle så gjerne koma i gang med ei ny bok. Han får det ikkje til. Som om ikkje det var nok, kjem våren. Den forferdelege årstida, då ein skal vera lykkeleg og visa for naboar og alle kor glad ein er i livet og familien og hagen sin. Kona til Bendik heiter Agnete. Ho synest dei bør kjøpa seg ein fin båt, så dei blir like lykkelege som Mona og Lars. Men kva er det for noko å ha ein båt? Er det berre å starta motoren og leggja utpå? Er det ikkje noko som heiter bølgjer og skjær og uvêr? Er ikkje sjøen ganske djup? Og korleis legg ein til land? Oppsetninga av dette stykket var ein stor suksess for Agder Teater.
Les mer
Bendik er forfattar, men slit med å kome i gang med ei ny bok. Kona, Agnete, er sikker på at dei ikkje er like lykkelege som Mona og Lars. Mona og Lars har båt, og det vil Agnete at ho og Bendik òg skal skaffe seg. Men Bendik er skeptisk - ein kan ikkje berre ha båt, ein må bruke han òg. Det finst bølgjer og skjer, og sjøen er ganske djup. Boka inneheld også tekst og notar til 9 songar.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
E-bok

Forfatter