Den norske barnehagesektoren er kjenneteikna av at kommunale og ei rad ulike private aktørar driv barnehagar. Somme av dei er svært store og ressurssterke, medan andre er nokså små. Er dei også ulike når det gjeld tilnærminga dei har til barnehageverksemd? Har dei ulike verdigrunnlag, vektleggingar, konkurransetilnærmingar eller syn på korleis barnehagen skal knytast til oppvekstfeltet elles? Legg dei ulike organisatoriske rammevilkår for profesjonell autonomi og fagleg utvikling? Dei private aktørane er ikkje fullt ut underlagt offentleg styring, samstundes er dei avhengige av kommunal godkjenning og finansiering. Sektoren har sterke innslag av nettverksstyring, der aktørane har stor fridom i utforminga av tilbodet og i korleis dei vil samarbeida med andre. Denne boka er eit bidrag til innsikt i korleis styringsstrukturen i sektoren fungerer, med vekt på eigarane og korleis dei verkar inn på barnehagetilbodet. Boka gjer bruk av empiri frå to prosjekt finansiert av Norges forskningsråd, SOL-prosjektet (Styring, organisering og leiing i barnehagesektoren) og Læring for leiing-prosjektet (intervju- og spørjeskjemadata). Boka er aktuell for leiarar på ulike nivå i barnehagesektoren, for forskarar og for studentar på fordjupingsnivå.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2021

Produktdetaljer

Publisert
2021-03-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter