Denne boka dekkjer det meste av det som er vanskeleg for deg som skriv nynorsk på jobb i det offentlege, frå rettskriving og teksttypar til korleis du kan bruka empati og kvardagsleg språk til å nå fram med tekstane dine.
Me hjelper deg å forstå klarspråkparagrafen i språklova, og korleis du skal klara å oppfylla han. Me har eigne kapittel til deg som skriv direkte til innbyggjarane, deg som skriv politiske saker, deg som har lite nynorskerfaring frå før og deg som er leiar. Bak i boka finn du ei oppgåvesamling, inspirert av alt me har lært over meir enn 30 år med kurs i nynorskkommunar.
Nytt i den fjerde utgåva er eit stort kapittel om hjelpemiddel, som drøfter nøye dei ulike typane kunstig intelligens som kan brukast i språkarbeidet, i tillegg til dei meir etablerte hjelpemidla, som ordlister og grammatikkar. Me trur nemleg at når du veit korleis du skal bruka alle hjelpemidla som finst, blir både kvardagen din og tekstane dine betre!
Jan Olav Fretland (f. 1950) er dosent emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har lang røynsle som kurshaldar og fagbokforfattar. Han har vore sentral i å utvikla og modernisera den offentlege nynorsken, både som akademikar og i rolla som leiar og styremedlem i Språkrådet. Han har òg vore rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Jostein Avdem Fretland (f. 1990) er forfattar, kurshaldar og komponist. Han er dagleg leiar i Fretland & Fretland AS og den som har halde dei fleste På saklista-kursa sidan 2020. Han har skrive fleire operaar og teaterstykke, i tillegg til romanen & me skal bli omskapte (Samlaget, 2013), saman med Mariell Øyre.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245058499
Publisert
2025-06-02
Utgave
4. utgave
Utgiver
Fagbokforlaget Akademisk
Vekt
249 gr
Høyde
220 mm
Bredde
155 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
150
Sjanger
Faglitteratur