No er Rosa lei av å gå tur. Ho berre set seg ned på fortauet, eller så legg ho seg ned og blundar. Det er nok best at ho byrjar på dagheim
Her kjem tredje biletboka om den viltre bullterrieren Rosa, som set grå hår i hovudet på damemennesket sitt. No skal Rosa byrje på dagheim! For hundar har ikkje godt av å sitje heime og knurre heile dagen, det blir for keisamt. På dagheimen kjem Rosa på rom med ein dachs, ein springer spaniel og ein irsk setter, alle jenter. Den første veka legg Rosa seg rett ned når dei skal gå tur, men etter kvart blir det artigare og artigare på dagheimen. Det mest dramatiske blir ikkje fullt så artig: Rosa spring ut på ein usikker is og dett i det iskalde vatnet. Men då kjem alle hundevennene og sleiker henne tørr. Og når ho kjem heim den dagen, får ho ekstra godt stell. Ikkje verst å vere Rosa!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252155907
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
290 gr
Høyde
263 mm
Bredde
205 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
30

Forfatter
Illustratør
Oversetter