Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar. Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt. Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv. Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida. I Tre vegar til havet»skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252198492
Publisert
2019-02-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
160 gr
Høyde
200 mm
Bredde
127 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
155

Forfatter