"Eg kan ingenting om Kina. Eg skal ikkje skriva om det eg kan, men om det som forundrar meg." I denne essayistiske reiseboka møter Kjartan Fløgstad Kina open og forundra og observerer leikande og lærd. Han tek lesaren med på ei reise inn i eit langt på veg ukjent landskap, eit landskap ein utan vidare forstår vil bli stadig viktigare - byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Dei store spørsmåla Fløgstad har arbeidd med om modernisering og epokeskifte, er bokstaveleg talt raude trådar gjennom teksten, utan at han forfaller til det forutseielege. Han observerer alt det ukjente han møter - gater, personar, situasjonar - og er utilslørt fascinert, men ikkje ukritisk. Slik blir Shanghai Ekspress ei rik og storarta reiseskildring. OM FORFATTEREN / TIDLIGERE UTGIVELSER Fløgstad debuterte i 1968. Sidan har han skrive 16 bøker, romanar, noveller, kriminallitteratur, dokumentarbøker og essays. Han har òg omsett poesi og skjønnlitteratur, spesielt frå Latin-Amerika. Fløgstad har i dag posisjon som ein av dei viktigaste forfattarane i Norge. For romanen Dalen Portland (1977) fekk han den mest prestisjetunge litterære prisen som finst i Norden - Nordisk Råds Litteraturpris (1978).
Les mer
I denne essayistiske reiseboka møter Kjartan Fløgstad Kina open og forundra og observerer leikande og lærd. Han tek lesaren med på ei reise inn i eit langt på veg ukjent landskap, til byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Han observerer alt det ukjente han møter, gater, personar, situasjonar, og er utilslørt fascinert, men ikkje ukritisk. Har kart.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205276666
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
350 gr
Høyde
139 mm
Bredde
195 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
195

Forfatter