"Dette er ei god diktsamling. God fordi ho går inn i den aktuelle litteraturfronten, inn til staden der spørsmålet om fiksjon og verkelegheit finst. Gjennom å gjera noko som ikkje er gjort før, utvidar ho poesien sitt virkeområde. Og dikta er velskrivne, diktsamlinga velkomponert."
- Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen
"Diktsamlingen tar utgangspunkt i udåden Jon Venables og Robert Thompson utførte da de tok livet av den yngre gutten James Bulger i Liverpool i 1993. De fleste husker begivenheten og avisoppslagene vagt. Les diktene og husk på en annen måte. En særlig stemme. Et originalt blikk. Klokt om ugjerninger."
- Vigdis Hjorth, Dagbladet
I diktsamlinga Barn som leikar lever Olav Gisle Øvrebø seg inn i situasjonen til to unge mordarar: gutane Jon Venables og Robert Thompson, som i 1993 tok livet av den endå mindre guten James Bulger i Liverpool. Korleis blir det dikt av det, kan ein kanskje spørje seg. Men det kan det. Det er ubehageleg lesing – men kanskje kan denne vesle boka, i ei tid som no, prega av nasjonal sorg og sjokk, vere til hjelp? Olav Gisle Øvrebø (f. 1989) er debutant. Han er student og bur i Bergen.