I Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live gjennom ein serie dikt med eit rituelt, messande preg. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope?
Solplomme er ein heilt eigen flora.

I 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket Solplomme til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket. Med utgivinga av Solplomme følgjer også ein CD.Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249529094
Publisert
2024-09-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Forlaget Oktober AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
61
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Annet