Intelligent og kostelig ... [F]avner både spørsmål om identitet og aktuelle utviklingstrekk i dagens samfunn ... Dypest sett dreier det seg om å søke tilflukt for mørke tanker i barndommens rike.

- Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen

Kompleks og spanande ... Ei urovekkjande novelle skisserer eit liv i ferd med å krakelere … Handlingsforløpet er fortetta, plotet er snedig … det er i denne uvissa krafta i novella ligg. Snakkar vår mann sant? Kva hende? Kvifor? Kor sant er eit minne? Er i det heile teke forteljaren til å lite på? Sanningsgehalten krakelerer etter kvart i den 74 sider lange novella Oddmund Hagen turnerer så stilsikkert og elegant …

- Anne Schäffer, Dag og Tid

Som lesar er ein ikkje der for å døme nokon. I staden er ein der for å kjenne trykket i teksten og følgje svingane i det stilsikre, men likevel levande og lunefulle språket til Hagen, der lange, medvitsstyrte setningar kan skifte frå handfaste gjerningar og skuldingar til meir svevande refleksjonar i ei vending. Det gjer novella engasjerande både som ei forteljing om hemn og skuld og truverd, og som ein slags fabel om utviklinga i Bygde-Norge.

- Eivind Myklebust, Klassekampen

Ein førtidspensjonert lærar er mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men blei aldri tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å hente tinga sine der han arbeidde som lærar, blir han stansa av same politimannen som prøvde å få han fast for brannane. Det kan sjå ut som politimannen endeleg har fått eit høve til å hemne seg for at han slapp unna den gongen. Men ganske snart snur situasjonen til mannens fordel.

Forklaring er eit forsøk på å gi eit bilde av hendingane og situasjonane som har drive mannen dit han er i dag. Det er lett å få sympati med han, men det er likevel noko som skurrar i det han fortel.

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234014383
Publisert
2025-01-30
Utgiver
Det Norske Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
73
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter