Kanelbutikkane og andre forteljingar skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga Kanelbutikkane (1933) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019. Schulz skreiv fråeit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven. Den særeigne stilen og forteljemåten til Bruno Schulz har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. Bruno Schulz (1892-1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokreenkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Ein del av forfattarskapen gjekk truleg tapt under den andre verdskrigen. I 1942 blei den jødiske forfattarenskoten av Gestapo på gata i heimbyen Drohobytsj. Bruno Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2023-06-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter