Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av den skapande krafta. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at det blir knytt band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to. Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta. For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas - som første norske forfattar - Nordisk råds litteraturpris i 1964.
Les mer
I denne utgåva har Guri Vesaas lese korrektur og stått for ei varsam modernisering av språket. 1. utg. 1963

Produktdetaljer

ISBN
9788205512986
Publisert
2018-03-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
107 gr
Høyde
185 mm
Bredde
116 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
156

Forfatter
Redaktør