«Barnas verdshistorie er ei viktig bok som gir barn tilgang til verdshistoria på ein måte som er pedagogisk, poetisk og politisk medviten.  Ho viser korleis barn har blitt forstått og behandla gjennom tidene, og korleis barn si stilling har endra seg i takt med teknologisk og samfunnsmessig utvikling.
Ho tek barn på alvor – både som lesarar og som historiske aktørar.»
- Juryens grunngjeving, Brageprisen 2025
                                  Korleis såg verda ut for barn som levde for fleire tusen år sidan?
Denne boka tar dei unge lesarane med gjennom verdshistoria – frå steinalderbarna som gjekk på jakt med kvasse spyd, til jenta som sanka korn langs Nilen, og guten som arbeidde lange dagar i ein farleg fabrikk.
Gjennom levande forteljingar får vi sjå at historia vår ikkje berre handlar om kongar og store hendingar, men òg om kvardagslivet til barna som har levd midt i det heile. For historia handlar ikkje berre om vaksne, men også om barn og korleis dei har vore med på å forme verda vi lever i.
Erna Osland har skrive ei ambisiøs og spennande forteljing om barn som har leika, lært og levd til alle tider. Saman med dei vakre og fargerike illustrasjonane til Victoria Sandøy er boka ei skattekiste for nyfikne barn i skulealder og gir eit engasjerande første møte med verdshistoria.
                                
Les mer
                              Produktdetaljer
ISBN
                    
            9788279593720
      
                  Publisert
                     2025-09-11 
                  Utgiver
                    Skald AS
                  Vekt
                     600 gr
                  Høyde
                     267 mm
                  Bredde
                     217 mm
                  Dybde
                     14 mm
                  Aldersnivå
                     6-9
                  Språk
                    
  Product language
              Nynorsk
          Format
                    
  Product format
              Innbundet
          Antall sider
                     93
                  Sjanger
                     Faglitteratur
                  Forfatter
                                              
                                          Illustratør