Vi svever og flaksar vi trallar og skvatrar vi bur mellom greiner og lågt under steinar på bøen, ved sjøen i våtmark og bypark vi er små fine fly mellom landjord og sky «Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar» er ein fantasifull og leiken inngangsport til den nære og tilgjengelege norske fuglefaunaen for barn. Lisbeth Dreyer har tatt utgangspunkt i heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv, men diktar fram morosame situasjonar på rim. Boka formidlar stoffet på ein måte som både utfordrar, engasjerer og inspirerer barna til å legge merke til det yrande fuglelivet dei har rett utanfor døra si, på veg til barnehage og skule. Per Ragnar Møkleby gjer fuglane personlegdom, men alltid fundert i korleis dei faktisk ser ut og lever i naturen - for at barn skal kunne lære om og kjenne att fuglane i boka.
Les mer
Boka har eit nærvær som engasjerer og inspirerer. Ho gjer lesaren merksam og utfordrar det vi allereie kan og veit, eller kanskje tek for gitt, om fuglane som omgjev oss. Dette er ei nydeleg biletbok til glede for små og store i barnehage og på 1..4. trinnet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279593423
Publisert
2023-03-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
230 gr
Høyde
223 mm
Bredde
176 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
32

Forfatter
Illustratør