"(...) ei interessant lesaroppleving."

- Margoth Hovda-Lien, Nordlys

"(...) hun lykkes i sine vare og vonde skildringer av kvinners liv og underliv."

- Tarald Aano, Stavanger Aftenblad

Ei kvinne forlèt familien i Tromsø og legg ut på ein odyssé som tek henne langs vestlandske vegar, til vanskjøtta gardar og inn i andre menneskes liv. Kollbotn skriv presist, ærleg og nådelaust om det unevnelege i liva våre. Eva Ek er drosjesjåfør. Når vi møter henne, er ho på nattskift, køyrer rundt og tenkjer over livet og det som skjer i verda. Dagen etter set ho seg i bilen sin og køyrer av garde. Det held ho fram med heilt til ho køyrer på ein hjort på Vestlandet... Ho haikar med Olaf som er inspektør i Dyrevernet eller liknande, og dei kjem til ein gard han har fått bekymringsmelding om: «- Finst ikkje liv lenger. Bonden pip. Olaf slepper taket i skjorta, og legg i staden armen rundt skuldra hans. Bonden forsvinn inn i armhola til Olaf. Vi er tre menneske her i tunet på Kvitfoss. Vi står og heng saman. Over oss blafrar eit flagg som skulle ha vore teke ned for lengst. Eg ser elvane gå kvite nedover fjellsidene.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202366247
Publisert
2011-09-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Cappelen Damm AS
Vekt
260 gr
Høyde
211 mm
Bredde
139 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
139
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter