Bli med på ei reise inn i fantasien! Til ein stad der ingen finn oss ... Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i fantasien, inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei vil heller vere i fantasien enn i den verkelege verda. Der er dei sterke, der kan dei gjere som dei vil! Mathias Nyhagen Asplunds debutbok DER INGEN FINN OSS skil seg ut på alle måtar. Det er ei stilfaren og tenksam, men også fantasifull og fabulerande bok, som grip tak i lesaren og ikkje slepp taket. Mathias Nyhagen Asplund har eit særeige språk og ein levande fantasi som overtyder alle som les boka om at fantasi er viktig. Viktigare enn å følgje reglar og å gjere ting «rett».
Les mer
"Boka var veldig lett å leve seg inn i, og ho var vanskelig å leggje frå seg. Ho starta ikkje så brått og handlinga byggjer seg opp utover i boka. Boka hadde eit viktig emne og det var: - aldri gi opp.Eg synest absolutt at andre burde lese denne boka!"
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202570330
Publisert
2018-01-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
238 gr
Høyde
213 mm
Bredde
136 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
120