Han, solo er ei forteljing om kjærleik, identitet og tilhøyrsel. Robin er 26 år og nett blitt forlaten av mannen han trudde var den eine. Den plutselege kjærleikssorga opnar for ei erkjenningsreise av dei sjeldne; ei gransking av eige liv og bakgrunn som skeiv utlending i Noreg. I denne sjangerutfordrande debutromanen blandast det høge og det låge på uanstrengt vis; Star Wars og Titanic, verdsrommet og havbotnen, språkfilosofi og tilfeldig sex. Men mest av alt handlar det om dei ulike formene for einsemd som kan gå som ein raud tråd gjennom livet - og om den evige leitinga etter ein heim. Eg blei ikkje fødd som eit einsamt menneske. Noko må ha skjedd. Hòlet i meg var ikkje medfødd, eg må ha fått det på eit bestemt tidspunkt i livet. Når, lurer eg på. Kva dag, i kva år, på kva klokkeslett? For lenge sidan, i ein galakse langt, langt borte ...
Les mer
«... på sitt beste særs lovande.» «gode tablå og refleksjonar som er slåande» «Det er mange av Van de Walles tilsynelatande enkle grep og detaljerte skildringar som er effektive og gode (...). Eg synst også han klarer å både skrive og reflektere godt om tilfeldig sex og teknologiens grep på både seksualitet og relasjonar.» «Eg føler meg heilt trygg på at det kjem til å kome eit nytt forfattarskap ut av dette.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202763329
Publisert
2022-09-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
352 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
249