Ragnhild, ordførar i ei kystbygd på Vestlandet, har funne ut at grantrea som vart planta på ei øy i kommunen, skal bort. Dei skal bli seld som juletre til Afrika. Den russiske verftsarbeidaren Pavel får jobben som leiar for fellinga. Med seg får han innflyttaren Helge, ein engsteleg mann som på grunn av vonde barndomsminne slit med å meistre kvardagen. Men som kompanjongen til Pavel blir han ein del av eit komisk heltepar som dumpar bort i mangt og mykje. Når Helge finn ut at det var bestefar hans som eigde øya, finn han og ut kva slag planar ordføraren har for hogstfeltet. "Juletre til Afrika" er ein underfundig og språkleg oppfinnsom forviklingsroman med mangfaldige allusjonar til film, musikk og litteratur. "Framnes er god på å skapa stille spenning og uro ved å halda informasjon tilbake, og når han først kjem, er det i så små porsjonar at lesaren framleis er nyfiken. Dei 83 snuttane av nokre korte kapittel og dei mange dialogane syter også for fart og driv." Jan Askelund, Stavanger Aftenblad " 'Juletre til Afrika' er ein godt skriven og svært sjarmerande debutroman om ein sysselsett kamp mot gran og vindmøller, der ein òg kan skimte ein kamp for sjølv å finne seg ei sak å kunne kjempe og leve for." Margunn Vikingstad, Dag og Tid
Les mer
Kommunestyret har bestemt at landskapet i ei lita vestlandsbygd skal ryddast for gran. Eg-forteljaren, Helge, og Pavel deltar i dette prosjektet, men så kjem det fram at kommunestyret eigentleg vil rydde plass til ein vindmøllepark. Da insisterer Pavel på at dei må gjere noko. Dette er forfattarens debut.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2011-10-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
E-bok