Sterk romandebut! Vinner av Tarjei Vesaas' debutantpris 2018. 18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som styrer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til. Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar - og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205564145
Publisert
2022-03-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter