Vinner av Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2023! Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert. Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel. Dette blir verdas VERSTE sommar ... eller? Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei sjarmbombe av ei barnebok! Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik. Jenny Fender mottok Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2023 og har blitt nominert til ARKs barnebokpris, Trollkrittet og Bokslukerprisen. Lydboka er lest av forfattaren sjølv.
Les mer
Det luktar sukkerspinn, skyllemiddel og salt fjord når Heidi Marie Vestrheim debuterer med ei sjarmerande oppvekstskildring frå siderlandet. [...] «Jenny Fender» er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205565920
Publisert
2023-05-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil