Unikt livsverk endeleg på norsk. «Migrasjonar» er eit av vår tids største poetiske prosjekt. Sidan 1970-åra har den meksikanske poeten Gloria Gervitz skrive på dette langdiktet, som har blitt utgitt i stadig nye versjonar. Kvar einskild av dei opnar for nye tolkingar. Verket har vakse fram frå livet til forfattaren og frå historia til familien hennar: flukta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Lesaren blir dratt med i eit enormt sveip gjennom ulike tider, tradisjonar, språk og røyster i eit ekspansivt dikt som krinsar rundt slekt og einsemd, religion, død og seksualitet. Boka er gjendikta frå spansk av Helene Hovden Hareide, som også har skrive eit etterord.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234000423
Publisert
2020-01-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
728 gr
Høyde
245 mm
Bredde
180 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
279

Forfatter