Dette er ei grunnleggande innføringsbok i helserett for sjukepleiarar. Boka gir oversikt over regelverket som gir rammene for sjukepleiefagleg arbeid, og over kva desse reglane inneber i praksis. Etter ei kort innføring om ulike normer, rettsstat, velferdsstat og menneskerettane, tar forfattaren for seg reglane som gjeld ved utøving av sjukepleiaryrket. Sentrale føresegner i mellom anna helsepersonellova, pasient- og brukarrettslova og psykisk helsevernlova vert gjennomgått. Kravet til forsvarleg yrkesutøving, grenser for bruk av tvang, kravet til journalføring, informasjonsbehandling og teieplikt blir behandla og sett i lys av prinsipp som pasientautonomi og rettstryggleik. Her blir også krav til medverknad - også for barn og unge - gjennomgått. Plikter for sjukepleiarar og anna helsepersonell heng nøye saman med rettar for pasientane. Pasientar har rettar både vis-a-vis sjukepleiarar og anna helsepersonell, men også vis-a-vis verksemder som er ansvarlege for tenestene. Difor vert også plikter for eigarar og dei som er ansvarlege for organisering og drift av helsetenestene, gjennomgått, sidan dette vedkjem rettane til pasientane og kan avgrensa ansvaret til fagpersonellet. Bente Ohnstad (f. 1953) er jurist, advokat og førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i Innlandet, Lillehammer. Ohnstad har brei erfaring frå offentleg forvaltning, undervisning, utgreiing, forsking og leiing. Ho har publisert fleire fagbøker og artiklar innanfor rettsområda forvaltningsrett, velferdsrett og helserett, skrive NOU 1993:33 om helsepersonell sine rettar og plikter og leia arbeidet med Ot.prp. nr. 13 (1998-99): Om lov om helsepersonell.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234001048
Publisert
2021-01-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
290 gr
Høyde
218 mm
Bredde
145 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
164

Forfatter