Kan ein fri seg frå eit familietraume ved å fortelje ein gong til? Då Kaare R. Samuelsen hamna på sjukehus i 1946 etter fangenskap i konsentrasjonsleiren Natzweiler, fekk han ei skrivemaskin for å skrive ned erfaringane sine. Barnebarnet hans les vitnesbyrdet og reflekterer over kva overlevinga har betydd for slekta og han sjølv. Han har nettopp flytta ut frå kjærasten sin etter 15 år og prøver å forstå om det er hans eige tungsinn som har ført til brotet - eller om det er slik han har lese, at det tar tre generasjonar å fri seg frå eit traume. Han spør seg om det finst forsoning i valet hans om ikkje å føre slekta vidare - samstundes som han er klar over at det han balar med, er trivialitetar samanlikna med farfaren sine opplevingar.
Les mer
Det vakre prosapoetiske språket viser at trondheimforfatterens tre tidligere diktsamlinger er blitt viktige byggeklosser, i en helstøpt roman.

Produktdetaljer

ISBN
9788234004520
Publisert
2022-03-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
404 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
276