Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris! Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.
Les mer
Romanen har elementer av både science fiction, dystopi og krigsthriller, og selv om Kvæven åpenbart også deler den smalere kvalitetslitteraturens språklige og sjelegranskende ambisjoner, kan han skrive genuint spennende actionscener: Her veksler trefninger med drapsroboter, flystyrt etter rakettanslag og nærkamp med krokodille med lyriske dyrebeskrivelser, tilbakeblikk til en pastoral fortid og dvelende refleksjoner om soldatlivets rystelser.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234008559
Publisert
2023-10-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av