Midt under ein heftig miljødebatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av distriktets innbyggjarar også har motiv for å stå bak ugjerninga. Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalisten Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar også opp eit lik under Nigardbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører forferdelege overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn. Politmannen og journalisten nøstar i mysteriet frå kvar si side. Det viser seg at alle dei gamle og nye historiene er vovne saman - og det skal få fatale konsekvensar. Med dei indre delane av Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid spunne eit imponerande puslespel av ei historie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234009518
Publisert
2022-10-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av