Den vanskelege søskenkjærleiken. Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra. Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho står opp for Erika, kven skal gjere det då? Dessutan har Tina eit anna problem. Medan alle rundt ho begynner å forelske seg, kjenner ikkje Tina noko, verken for gutar eller jenter. Når bestevenninna Anna plutseleg forelskar seg hovudstups i ein gut, blir Tina ståande heilt einsam att. Du veit ingenting er ein lauseleg oppfølgjar til den kritikarroste ungdomsboka Ser du dette? frå 2020 og er ei sår, humoristisk og original forteljing om å ikkje passe heilt inn, om vennskap, om mot og om søskenkjærleik.
Les mer
Troverdig portrett av en tenåring hvis utfordringer er større enn den ordinære angsten [.] Forfatteren beskriver relasjoner troverdig, enten de manifesterer seg i en chattetråd, på kafé, på øvelseskjøring eller i svømmebassenget
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234010187
Publisert
2023-07-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
273 gr
Høyde
210 mm
Bredde
138 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
174