Prislønt krim frå dansk serieskapar på norsk! Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar. Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjör.ur. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna? Hannah byrjar å utforske dødsfallet, det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av Húsafjör.urs farlege hemmelegheiter.
Les mer
Originalt og lekent

Produktdetaljer

ISBN
9788234011023
Publisert
2023-08-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
518 gr
Høyde
210 mm
Bredde
140 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
428

Forfatter
Oversetter