Nytt skodespel frå nobelprisvinnaren. Skremmande einsemd. Ein ung mann møter ein annan ung mann som liknar mykje på han sjølv, begge er dei biletkunstnarar. Ein eldre mann møter ein annan som også liknar mykje på han sjølv. Og ei eldre kvinne møter ei som liknar mykje på henne sjølv. Dei eldre foreldra freistar snakka til den yngre sonen, vil gjerne møtast og ha kontakt, snakka om åra som har gått, alt som har skjedd, men får aldri svar. Den einaste som svarar, er deira eigen dobbeltgjengar. I «Einkvan» møter vi ei nesten skremmande einsemd, ei lengt etter felleskap og ei sorg over å ikkje nå fram til dei vi er aller tettast knytt til, den næraste familien. Eit skodespel av Jon Fosse vart for aller første gong sett opp på ei scene våren 1994. Tretti år seinare vert Fosses 32. heilaftens stykke sett opp på Det Norske Teatret. «Einkvan» hadde urpremiere 25. april 2024.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234013317
Publisert
2024-04-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
186 gr
Høyde
197 mm
Bredde
138 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
72

Forfatter