Eit ungt par dreg heim til hennar foreldre. Dei har ingen stad å bu, og jenta er høggravid. Ho er usikker på kjærasten og likar seg dårleg heime. Far til jenta ignorerer den ukjende svigersonen, og den sjukelege mor hennar er mest oppteken av sladder. Stemninga blir ikkje betre då jenta sin tidlegare kjærast dukkar opp. Namnet hadde urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen våren 1995. Teaterstykket var skrive på bestilling frå festspela. Fosse fekk Ibsenprisen for stykket, og seinare har Namnet reist verda rundt. Namnet er eit av dei mest spelte Fosse-stykka. "Jon Fosse är ingen svår författare. Han använder de enklaste ord och skriver om erfarenheter som vi alla har en relation till: separation, död och sårbar kärlek." Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234013416
Publisert
2024-03-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
117 gr
Høyde
200 mm
Bredde
126 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
107

Forfatter