Nokre gonger er det ikkje nok å gjere så godt ein kan. Dét er ei dyrekjøpt erfaring ein kan ta med seg etter å ha lese den fine debutboka til Anne-Lise Frøland ... Om boka er mørk, er forfattaren eit lyspunkt.
- Anne Cathrine Straume, NRK
I et poetisk, billedlig og årvåkent språk, veies det mørke opp mot det skjønne. Gårdsdriftens brutalitet veies opp mot idyllen, fortvilelsen mot håpet og det eksistensielle mot det hverdagslige. Frøland evner å favne om kompleksiteten hos menneskene hun skriver frem, hvilket gjør Tynne rivner av lys til en usedvanlig sterk debutroman.
- Anna Albrigtsen, BLA
Debutromanen til Anne-Lise Frøland er solid, vesentleg og gripande ... Anne-Lise Frøland kan vere debutant så mykje ho vil; ho skriv oppsiktsvekkande stødig og overtydande. Skildringane av den løysingsorienterte Solveig og den raknande Vegard og dei andre karakterane, er nærgåande og truverdige, og teikningane av natur og dyrehald er rike og sanselege.
- Ingvild Bræin, Dag og Tid
Det er noe veldig fysisk, overveldende nærværende, over tyngden hos Frøland. Og samtidig noe gripende og vakkert.
- Nina Kraft, Samtiden
Frølands tekst oppleves som å stryke hånden over en diger dyrerygg: beroligende og dog hele tiden en anelse truende.
- Henrik Keyser Pedersen, Klassekampen
Du må lære meg alt.
Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.
På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.