VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå - i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag. Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!
Les mer
Dette bindet om samfunn handlar om samfunnsdanninga på Vestlandet. Det tar for seg det vestnorske bygdesamfunnet, forholdet mellom lokalmakt og sentralmakt, folkerørsler og frivillige organisasjonar, utviklinga av byar og tettstadar etter 1800, og gir ein oversikt over vestlandssamfunnet i dag. Har litteraturliste og namne- og stikkordsregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241904028
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
2054 gr
Høyde
283 mm
Bredde
239 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
414