«Land ingen har sett» er den tredje boka i serien av Edvard Hoems store familiekrønike. Romanen følgjer to brør gjennom deira beste manndomsår, Anton Edvard i Romsdal i Noreg og Eilert i Donalda på Alberta-prærien. Begge brørne skal bygge seg opp frå nesten ingenting. Dei konkurrerer med kvarandre og inspirerer kvarandre og bruker stadig fleire av døgnets timar for å sikre eit betre liv seinare. I den store verda rasar første verdskrig, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. Da krigen er slutt, endrar konjunkturane seg, og det viser seg at det er mange ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over. Den opprørske Gjertine, som no har vore tretti år på Dakota-prærien, legg ut på si siste store reise til ugjestmilde Ravenscrag i Saskatchewan, der sonen, som no skriv seg Severt Olson, har slått seg ned. I Molde blir Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med han som om han framleis var i live, og uttalar forbløffande sanningsord om krigen og tidene. Ut av krigen og armoda blir ei ny tid til, med telefonlinjer, automobilar og ein musikk som skaper uro i gamle og unge menneskesinn. «Land ingen har sett» er ei mangfaldig forteljing om sterke band mellom menneske som i dei fleste tilfelle aldri skal få sjå kvarandre igjen.
Les mer
Katalogisert etter opplysninger fra forlaget

Produktdetaljer

ISBN
9788242163974
Publisert
2016-11-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av