I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg? I tekst og bilde er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengter tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid. MEG: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut. (Frå boka) Linda Eide meiner ho hadde blitt brent som heks i gamle dagar, men saknar dei likevel, pga straumprisane og mindre biltrafikk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788243007086
Publisert
2012-09-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Spartacus
Vekt
622 gr
Høyde
225 mm
Bredde
155 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
194

Forfatter