Ivar Nimme er grisebonde og ungkar. Han drog frå ein god jobb som altmoglegmann på Golsfjellet for å ta over garden, då faren forsvann i Kina. Kona hans reiste frå han, men i den vesle dalen på Vestlandet har han saman med 400 velfødde svin funne oppskrifta på framifrå grisehald. Ein dag står byråkrati og reglar i det vesle tunet på Nimme. Den sta bonden tek opp kampen for grisane og garden sin, men oppvigleriet får store konsekvensar. Det er mektige krefter, utan kjensler eller andlet, han kjemar mot. Med ryggen mot veggen og ei handfull tilfeldig samanraska kameratar, slåss Ivar for fyrste gong for det han trur på. Viss dei følgjer samfunnet sine spelereglar, er dei dømde til å mislukkast. Men kven bryr seg om slikt, når sjølve livet til ein grisebonde står på spel?
Les mer
Ivar Nimme er grisebonde og ungkar i ei lita bygd på Vestlandet. Kona har reist frå han, men Ivar har omsider funne seg til rette på farsgarden med 400 velfødde svin. Ein dag står byråkrati og EU-reglar på tunet, noko Ivar ikkje finn seg i. Han går til kamp for grisane og garden sin, ein kamp som får store konsekvensar.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2012-06-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kagge
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter