Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre - frå Arne Garborgs "Kolbotnbrev" via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun'ichiro Tanizakis "Hyllest til halvmørket". Aanestad går på jakt etter skrivne, skapte heimar samstundes som ho sjølv er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten. "Heim" er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser - og om å leva tett inntil litteraturen.
Les mer
" Ein neddempa skrivemåte og eit godt blikk for alt som kan vekse, gro og skurre i og mellom menneske, er gjennomgåande kvalitetar i forfattar, og skrivekunstlærar, Ingrid Z. Aanestads til no seks romanar og ei essaysamling. Det er òg tilfellet i forfattarens andre sakprosabok «Heim»"
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249524921
Publisert
2022-02-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
295 gr
Høyde
213 mm
Bredde
136 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
138